Familielørdag: Fotball og Erling Braut Haaland
Litteratur og fortelling
For alle
Barn
Ungdom
Med den fotballfelste forfattaren Ørjan Zazzera Johansen.
Gratis - krever påmelding
Dette arrangementet er avholdt
Ørjan Zazzera Johansen frå Bryne er forfattar og glad i fotball. Han kjem snart med si femte fotballbok, den tredje om Haaland. Han lurer på kva fotball eigentleg er og kvifor det er så gildt? Han fortel om livet til ein av verdas største idrettsstjerner og kvifor akkurat Haaland blei så god.
På Samlaget sine nettsider kan ein lese: "Ørjan Zazzera Johansen (f. 1974) er forfattar og lesevitar. Han slutta å spele fotball for tjue år sidan, men drøymer framleis om å bli proff."
Så her er det berre å snøra på seg dei imaginære fotballskoa og ha fullt fokus på fotball i bibliotekkjelleren.