Austvestpassasjen

Roman  •  Voksne

Austvestpassasjen : roman

Ingvill Kjærstein

2024

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Ensomhet

  • Engstelse

  • Lesbiske

  • Unge kvinner

  • Kyoto (Japan)

Frykt og avsky i Japan Ein gong hadde eg høyrt eit kvinneskrik i korridoren av eit love hotel. Lyden kom frå eit av romma. Ho blir drepen, hadde eg tenkt. Det var ingen tvil. Vi må redde ho, nesten ropte eg til Ayame, men ho lo berre. Hjelp er det siste ho treng, flirte ho og låste opp døra til rommet vårt. Men tanken på skriket sleppte ikkje taket, sjølv ikkje då vi låg med kvarandre. Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leilegheit og held seg mest for seg sjølv, for ho orkar ikkje dei stadige blikka og spørsmåla som minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp, byrjar krakelere. Etter kvart som menneske, naturkrefter og uforklarlege fenomen forstyrrar isolasjonen hennar, får ho stadig større problem med å halde omverda på avstand. Austvestpassasjen er ein roman om frykt, språk, einsemd og tiltru. Om å gje seg over til ein annan kultur og framande menneske. Om daglege trugsmål som får naturkreftene til å bleikne.

Utgaver

Kontakt

Randaberg Kommune
Ansvarlig redaktør: Sebastian Jazdzewski
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content