Luise berre går frå heile elleveårsdagen og festen. Ho vil ikkje vere skrekkeleg glad. Alt er kjedeleg og Marcel, venen hennar, kom ikkje denne morgonen - er det fordi ho er blind? I parken møter ho sjølvaste Marc Chagall som òg har gått frå gebursdagsfesten sin. Den unge jenta og den gamle mannen finn snart kvarandre, og saman ventar dei på regnbogen medan dei pratar om kva dei likar og ikkje likar og Luise får høyre om bileta Chagall har måla. Då regnbogen endeleg viser seg, kan ikkje Luise anna enn åvere glad. Forfattaren maktar med denne vesle boka på ein god måte både å formidle noko kunnskap om Chagall og bileta hans og å fortelje ei truverdig og fengslande historie om eit sårt barnesinn og eit varmt møte på tvers av generasjonskløfter. Språket er poetisk, velformulert og i ei knapp form - boka er god å lese sjølv, god å lese høgt og fin til bruk i kunstformidling i f.eks. skolesamanheng. Med "Chagall" sine forklaringar blir det artig og spennande å gå på oppdagingsferd i bileta som er attgjevne i ein kvalitet som yter originalane rettferd. Bak i boka finn ein faktastoff om målaren, nokre opplysningar om bileta i boka og ei liste over anna litteratur om kunstnaren. Samlaget, 1998.