Det har komme ein komet

Antologi  •  Dikt  •  6 – 12 år

Det har komme ein komet : nordiske dikt for barn

2003

Originaltittel:Det har komme ein komet
Oversatt av:
Arnt Birkedal

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Nordiske dikt - Samlinger
Denne boka samlar dikt for barn frå seks nordiske land. Ti forfattarar har komme saman frå Danmark, Finland, Færøyane, Island, Noreg og Sverige. Dei har skrive ei mengd artige, forunderlege, poetiske og fantasifulle tekstar. På ulike måtar fortel desse dikta om kva som går føre seg i tankeverda til barn og barnlege rundt omkring i Norden i dag. Frå Noreg skriv Eva Jensen om når sola kjem att etter mørketida, om bading i ein blå fjord, om grøne krokodillar og brune sniglar. Finn Øglænd skriv om korleis det kjennest når dei vaksne spør berre for å spørje, og ber barna om å ikkje vere som dei er. Barn i Norden er barn i verda. Men er det noko særskilt som er felles for oss i Norden? Bileta i boka har ulike teiknarar frå dei seks landa laga, der Gry Moursund og Inger Lise Belsvik står for dei norske bidraga. Det følgjer også med ein CD der forfattarane les på sine språk. I boka står eitt dikt av kvar forfattar både på originalspråket og på norsk. Slik får du sjå både likt og ulikt.

Utgaver

Kontakt

Randaberg Kommune
Ansvarlig redaktør: Sebastian Jazdzewski
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content