Boka "Entusiasme og raseri" er ei samling av Nils Henrik Smiths beste artiklar om fotball. Essaya handlar om alt frå Erik "Myggen" Mykland, det levande oppslagsverket Arne Scheie til historia om Afrikameisterskapen. Smith har gjennom fleire år vist at eit essay om fotball kan vere stor litteratur. I tekstane sine foreinar Smith på ein unik måte fotballfagleg analyse, historisk medvit og humor. Boka inneheld òg eit nytt essay om EM som skulle ha vore i 2020, men som no skal arrangerast i juni 2021 i staden. Smith har vunne Tarjei Vesaas` debutantpris og vart i 2015 nemnd som ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet. Omtalen er utarbeidd av BS.