Boka inneheld den første større landsomfattande undersøking av fornamnsmotar på 1900-talet. Undersøkinga tar for seg perioden 1900-1975. Det er lagt særleg vekt på å undersøke endringar i namnemønsteret frå periode til periode, delt inn i periodane 1900-24, 1925-49 og 1950-74. I denne samanhengen er omgrepet markørnamn sentralt. Eit markørnamn er eit namn som endrar seg markant i popularitet frå éin periode til den neste.