Frå null til no

Roman  •  13 – 15 år

Frå null til no : roman

Ragnfrid Trohaug

2001

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Spiseforstyrrelser
  • Mødre og døtre
  • Bergen
Gjennom eit attersyn skildrar ungjenta Jo livet sitt slik det har vore. Ho var flink i det meste og prøvde på den måten å leve opp til forventningane til mora Siri. No skulle ho ha vore elev på vidaregåande skole. I staden er ho på ein institusjon for behandling av spisevegring. Det er løyndomar i familien hennar som ho etter kvart finn ut. Av mormora si får ho høyre kven morfaren er, og det viser seg at ho er i slekt med naboar som ho og mora omgåast. Heile livet har ho lengta etter far sin som er frå England, men mora har aldri snakka om han. Boka byrjar og sluttar med at Jo skal ha ein avgjerande samtale med mora. Ho vil finne sin eigen veg og ikkje leve opp til forventningane frå mor si. Forholdet mor-dotter er eit velkjend litterært motiv, og forfattaren greier å skildre personane på ein overtydande måte. Forteljinga peikar på årsakene til spisevegring, som prestasjonspress i idretten og mangel på kjærleik. Innimellom skildringane frå barndom og ungdom er det korte tekster i kursiv som er meir poetiske augneblinksbilete. Det er god flyt i språket. 195 s. Ib. 2001.

Utgaver

Kontakt

Randaberg Kommune
Ansvarlig redaktør: Sebastian Jazdzewski
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content