Hitlers labyrint, eller Historia om korleis Akil og Nikko og Trude og eg hamna i forbrytararkivet

Roman  •  Spenning  •  9 – 12 år

Hitlers labyrint, eller Historia om korleis Akil og Nikko og Trude og eg hamna i forbrytararkivet

Kolbjørn Hauge

1998

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Eit tysk forsvarsanlegg utgjer ein mystisk og spanande leikeplass for tre gutar i 12-års alderen; Alfi, Nikko og Akil. I ei hemmeleg luke i den tyske labyrinten har gutane funne koppar og kar frå ei svunnen tid som dei dreg med seg inn i leiken, vel vitande om at dei befinn seg på forbudt område. Det er ein uskuldig leik dei tre gutane bedriv, men ein dag blir dei oppdagaav den eit år eldre Trude og leiken endrar karakter. Funna i labyrinten utvidar seg og snart står barna ansikt til ansikt med eit sprit- og sigarettlager som ikkje stammar frå tyskarane. Alfi, bokas hovudperson og forteljar,opplever ei følelsemessig dragning mot Trude samstundes som han og kameratane er usikre på hennar motiv. Barna si konfliktfylte oppleving av situasjonen kjem godt fram. Det er ei velskriven og spanande bok. Her er nerve og driv over handlinga og historia endar godt, befriande fri for heltemot av den typen ein ofte finn innen spaningslitteraturen. Samlaget, 1998. 147 s. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).

Utgaver