Ein så inderleg fin klang når den klokka slo.» Heine Bakke blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og undrande barneblikk teiknar Bjørlykke eit nært og poetisk portrett av ein gut, ein familie og ei vestlandsbygd og gir eit annleis og levande bilete av norsk historie frå 1940- og -50-åra.