Lotta er seks og eit halvt år og er frå Noreg. Ho har ein bamse frå Russland som heiter Boris. Både Lotta og Boris elskar skremmande ting som bråkar, brenn, skramlar og brummar. Mest av alt er dei glade i maskinar, heisekraner, dumparar og hjullastarar som greve og løftar. Dess meir bråk, dess betre. Ein dag finn Boris ei farleg gruve som han trur er ein leikeplass for tøffe bjørnar. Då må Lotta ta 2000 hestekrefter i eigne hender for å redde venen som er i livsfare. Men ikkje eingong den største gravemaskinen eller hjullastaren i verda kan redde Boris utan eit klokt hovud med hjelm bak spakane. Er illustrert med fargefotografiar. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.