Mamma på dass

Roman  •  9 – 12 år

Mamma på dass

Anders Totland
Først utgitt:2025

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Anbefaling fra et annet bibliotek

Tenk om mamma var ein kjend influensar, og heile livet ditt var brukt som innhald på SoMe?

Då Liva fyller 13 år er ho endeleg klar for eigen konto på sosiale medium. Der ser ho at mora, med sine 76 000 følgarar, har brukt familien som innhald og underhaldning i fleire år – heilt utan å spørje! Då er det klart ho må ta hemn med eigen instagramkonto som heiter «Mamma på dass».

Dette er både ein morosam, skarp og tankevekkande bok som verkeleg treff. Ho tar opp viktiga tema som barns rett til privatliv og foreldres ansvar på nett, utan å bli moraliserande. Eg liker korleis boka kombinerer humor og alvor, og korleis språket treff målgruppa presist.

Passar både til høgtlesnad eller eigenlesnad. Og burde i tillegg vore pensum for alle foreldre.

Om boka

  • Sosiale medier
Eg kunne ikkje tru det. Mobilen dirra i handa mi. Liva våre var redusert til content. Alle dei pinlege bileta og dei flaue historiene var lagt rett ut på internett. Både mine og Omar sine foreldre hadde svin på skogen, men det var ingen tvil om kven som var verst. Miss Kardashian Norway. The influencer formerly known as mamma. Men no var det slutt. Me hadde sett kva dei dreiv med, kva dei hadde utsett oss for. Og me fann oss ikkje i det. Det var berre ein ting å gjera. Me måtte ta hemn. Fortelling for mellomtrinnet.

Utgaver