Bildebok  •  3 – 8 år

Neimen, Benny

Barbro Lindgren

1998

Originaltittel:Nämen Benny
Illustratør:
Olof Landström

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Grisungen Benny er eit sjarmerande bekjentskap. Han er ein liten opprørar som ikkje likar mamma si ordenssans og vaskemani. Da ho vil vaske kosedyret Veslenøff, går det for vidt, og dei bestemmer seg for å rømme. Det er ikkje lett å finne ein ny heim, og til slutt må dei vende attende, men ikkje før Benny har ordna opp på sin måte. Olof Landström sine bilete i velkjend strek; lett forenkla og humoristiske i uttrykket, dominerer oppslaga. Dei erutførde i tusj og akvarell, kraftige og varme i fargebruken, samstundes som dei strekar under det dramatiske i forteljinga. Teksten er knapp utan noko utanomsnakk, og tekst og bilete utgjer ein fin heilskap. Ei bok som heilt sikkert vil engasjere dei yngste. Samlaget, 1998.

Utgaver

Kontakt

Randaberg Kommune
Ansvarlig redaktør: Sebastian Jazdzewski
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content