Elvira (ca. 8 år) er i Oslo med familien sin, og faren skal absolutt ete middag på restaurant Stratos, i 14. etasje med stor veranda rundt det heile. Der er utsikten heilt fantastisk. Men Elvira har høgdeskrekk og skjønar ikkje kvifor alle maser om denne utsikten. Farens gamle ven herr Winkelmann er i lag med dei, han er likkistesnikkar, og Elviras tankar krinsar rundt høgder og kister og alt som kan skje høgt over bakken. Så vil faren ta familiebilete ute på verandaen, heilt borte ved gjerdet. Har mange humoristiske fargeillustrasjonar. Nynorsk tekst. Fortelling for småskoletrinnet.