Kristian Bø (f. 1933) arbeidde mesteparten av livet for Televerket i Noreg, nå Telenor. I 1986 fekk han eit oppdrag i Thailand, og der blei han verande. For å lære Thailand og landa rundt betre å kjenne tok han sykkelen for seg. Han drog på lange turar gjennom søraust Asia, gjennom Thailand, Laos, Vietnam, Kambodsja, Burma og til dels Malaysia. Det er ikkje alltid lett å ta seg fram langs vegane i desse landa, og restriksjonar frå styresmaktene skapte og problem. Mange av byane han vitja er segnomsuste og ber preg av ei anna tid då engelskmenn og franskmenn var koloniherrar. Boka er illustrert med fargefotografi.