Elisabeth og Gry drar til Venezia for å finne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Dei vil finne ut kva han var på sporet av då han døydde. Samstundes går forteljinga tilbake til 1500-talets Venezia, der Gallo-brørne startar produksjonen av spegel. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800-talet og notidas Bergen. Her får dei som har fulgt Svarte-Mathilda frå spegel til spegel endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Kan hende den går endå lenger bakover i tid. Grøss for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeida av BS.