Roman  •  13 – 15 år

Vennskapsprøven

1997

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Brita og Lene er bestevenninner. Då mora til Brita døyr i ei bilulykke, rasar verda saman for Brita, og ho stengjer seg inne i seg sjølv og klarer ikkje å sleppe skriket ut. Lene er der for å trøyste og hjelpe, men kontakten er ikkje som før, og då ho treffer Arve med dei glitrande augo og den raude motorsykkelen, blir det ikkje like enkelt for Lene å velje kven hoskal vere saman med. Brita si sorg over mora som så brått døyr, venskapen mellom dei to jentene og Lene si forelsking i ein eldre gut blir skildra levande og truverdig med god innleving. Synsvinkelen ligg hos Lene. Komposisjonen er god med jamn framdrift i forteljinga. Språkleg er boka enkel og lettfatteleg med korte setningar og mange innslag av direkte tale. Ei lettlest bok å anbefale for ungdom. Samlaget, 1997. 55 s. (Sirius bøkene.Sirius ungdom).

Utgaver