9 – 15 år

Vi kjem frå havet

Helga Gunerius Eriksen

1998

Illustratør:
Svein Rønning

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Der hav møter land møter ei jente ein gut på ei strand. Jenta kjem frå seglbåten og ho er på jordomsegling med foreldra sine. Guten kjem frå parkenbakenfor stranda. Saman leikar dei i sanda og kappsym i havet. Ein dag sym jenta for langt ut og blir berga frå å drukne av guten. Foreldra til jenta vil gjerne takke han, og ber han ut på middag, men guten har heile tida nye orsakingar fordi han ikkje har fine nok klede å gå i. Til sist får han middagen dei har lova, men den vidare skjebnen hans er uviss, og historia har ein open slutt. Forteljinga er lagmælt og stille, men har likevel dramatikk og ei spennande handling. Det handlar om møtet mellom liv og død, om vennskap over landegrenser og ikkje minst om fattig og rik. Synsvinkelen vekslar mellom dei to, og lesaren opplever historia frå både sider. Språket er vart og poetisk og dempar på ein slags måte det dramatiske i handlinga ogsjølve alvoret i forteljinga. Nokre av situasjonane i forteljinga er illustrert med teikningar i svart/kvitt. Samlaget, 1998.

Utgaver

Kontakt

Randaberg Kommune
Ansvarlig redaktør: Sebastian Jazdzewski
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content