Ikkje gløym å klappe katten

3 – 8 år

Ikkje gløym å klappe katten

Rønnaug Kleiva

1997

Illustratør:
Inger Lise Belsvik

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

"Det er ein nydeleg baby", seier Anna, "men det er sikkert nokon som kunne trenge ein baby meir enn oss" Anna synest ikkje det er lett å bli storesyster for andre gong, og prøver å fortelje det til dei vaksne på ulikemåtar. Dei skjønar ho ikkje, og synest berre at ho er fæl. Heldigvis er det somme som veit at Anna er ei grei jente inst inne. I ei knapp og poetisk språkform fortel forfattaren historia om Anna som lir av syskensjalusi. Bokaer full av dei utspekulerte påfunna hennar for å kalle på dei vaksne si oppmerksomheit, og historia gjev innsikt i korleis det må følest for ei litajente å ikkje bli sett av sine nærmaste. Trass i den knappe teksten, greier forfattaren å gje oss eit godt bilete av Anna, ei sterk, og ikkje alltid like veloppdragen jente, men ei jente som har mykje å fare med berre ho får sleppe til. Historia er illustrert med spennande, stiliserte trykk av Inger Lise Belsvik som forsterkar Anna si dramtiske oppleving av situasjonen, og dei har ein knapp, forenkla form som heile tida speler på lag med teksten. Samlaget, 1997.

Utgaver

Kontakt

Randaberg Kommune
Ansvarlig redaktør: Sebastian Jazdzewski
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content